Denne artikkelen var først publisert på uia.no.
– I dag har vi samla eit stjernelag av ambisiøse forskarar innan kunstig intelligens frå heila verda. Saman ønsker vi å bruke kunstig intelligens til å løyse samfunnets største utfordringar og bidra til berekraftige system for framtida, seier professor Ole-Christoffer Granmo, leiar av House of CAIR.
House of CAIR skal vere ein samlingsstad og internasjonal forskingsarena for forskarar frå heile verda.
Forskarar frå universiteta i Edinburgh, Luleå, Newcastle, Groningen og Pittsburgh var til stades under lanseringa. Fleire av dei presenterte sine spesialområde innan kunstig intelligens. Dei har mellom anna bakgrunn frå helse, energi, data, utdanning, sikkerheit og filosofi.
House of CAIR samarbeider også med senteret NORA, eit norsk nettverk av forskingsmiljø innanfor kunstig intelligens.
Fleire fagområde
– Da eg først kom i kontakt med CAIR blei eg straks motivert og inspirert overav ambisjonane og det dei ønskte å få til. Dette vil eg vere ein del av. Saman ønsker vi å skape nye framsteg innan kunstig intelligens, seier Paul de Sousa frå Universitetet i Edinburgh.
Han er biolog og har bakgrunn frå stamcelleforsking.
For framtida håpar han at kunstig intelligens kan vere med på å utvikle løysingar for nevrologiske sjukdommar som Parkinsons og Alzheimers.
– Dei store framstega kjem når ein sett dei beste hovuda saman. Derfor har vi henta dei beste forskarane på ulike fagområde innan kunstig intelligens, seier Granmo.
Stort fagmiljø på UiA
I over 15 år har Universitetet i Agder (UiA) bygd opp eit sterkt fagmiljø innan kunstig intelligens. Dette er attraktivt for internasjonale forskarar og trekker dei til Grimstad. I tillegg har miljøet i Grimstad reknekraft. Hausten 2018 blei det kjent at UiA kjøper åtte gigantmaskiner til CAIR.
– Reknekraft er nøkkelen i forskinga på kunstig intelligens. Dei nye maskinene gir oss ein sjanse til å gjere større utrekningar og gjennomføre store forskingsprosjekt. Dette ønskjer dei internasjonale forskarane å vere med på, seier Granmo.
Målet er å bli ein markant aktør innan kunstig intelligens på den globale arenaen.
Viserektor Stephen Seiler var óg til stades under opninga.
– UiA er ambisiøse, vi følgjer med og gjer oss gjeldande på aktuell teknologi for heile verda. I House of CAIR finst det utruleg mykje drivkraft og hjernekraft. Den kombinasjonen vil vi nå langt med, seier Seiler.
This articles was originally published on the 9th of February, 2019.