Dette seminaret arrangeres av Studieavdelingen og UiB AI, og reiser spørsmål rundt bruk av KI i utdanningane. Kva for moglegheiter skaper KI for undervisarar, undervisingsleiarar, emneansvarlege og studentar? Og kva er moglegheitsrommet og utfordringar når etablerte akademiske praksisar skal koples til ansvarleg og etisk bruk av KI?
Føremålet med dette seminaret er å skape ein møteplass som tar opp og diskuterer moglegheitene KI skaper for undervisarar, undervisingsleiarar, emneansvarlege, og andre som driv med høgare utdanning på UiB (og andre stader).
Seminaret vil ha to bolkar – den første skal ha eit breitt perspektiv og kan ta opp moglegheitsrommet og utfordringar for utdanning, problemstillingar knytt til ansvarleg og etisk bruk, nytenking om vurderingsformer. I den andre bolken ønsker vi å trekke fram døme og erfaringar frå fagmiljøa om korleis dei arbeidar med KI i utdanninga.