Ein sjanse til å forske saman med Rajendra

Med ei internasjonal karriere, 16 publiserte fagbøker og eit stort, globalt nettverk, er Rajendra Akerkar blant Sogndals største forskarstjerner. No jobbar professoren for å rekruttere yngre forskarar til det lovande forskingsfeltet stordata, der målet no er å bidra til innovasjon og verdiskaping i vestlandske bedrifter.

Fagmiljøet til Rajendra Akerkar er i vekst. Sommaren 2021 ser Vestlandsforsking etter to unge tilskot til forskingsgruppa for stordata. Foto: Idun A. Husabø

Han er ein av Sogndals få indiske innbyggarar, og har budd i Norge lenge nok til å setje pris på nasjonalaktivitet nummer ein – turgåing – og dele naturbilete på sosiale medium. Faktisk kunne han riktig like seg i mars, då Vestlandsforsking la personalsamlinga til ei snødekt skråning ved skisenteret i Rindabotn. Der, i snøen, skulle dei tilsette fyre opp bål etter beste evne og slå leir for å drøfte strategi, før hundekøyring på Dalavatnet venta.

– Men ski får du ikkje på meg, skundar han seg å skyte inn.

Internasjonal karriere

Rajendra er utdanna i anvendt matematikk. Som stipendiat og ung forskar var han nokså snart over på feltet datavitskap, som i 80-åra var i ferd med å vekse seg stort.

I skjebneåra 1988 til -89 og under gjenforeininga av aust og vest, var han på plass ved universitetet i Kaiserslautern, der han starta si europeiske – og internasjonale – reise. Forskinga tok han seinare til land som Austerrike, Canada, Armenia og Japan. I tre år besøkte han òg Vietnam regelmessig som del av eit professorat for UNESCO og World Academy of Sciences (TWAS).

Produktiv har han vore heile vegen, og Rajendra si liste over eigne fagbøker er no oppe i 16 titlar. I tillegg kjem alle fagbøkene han har forfatta saman med andre.

Verdsomspennande nettverk

Nettopp dette fagnettverket gjer det uproblematisk at professoren no har ei vestlandsk bygd som base. Sidan 2009 har Rajendra jobba med nisjefeltet sitt, stordata, frå eit kontor med utsikt til fjell og fjord.

Og sjølv om pandemiåret 2020-21 har bydd på ein uvand livsstil, fri for reiser, er forskarlivet meir internasjonalt enn nokon gong. Det meste av prosjekt-aktiviteten på feltet skjer på tvers av land og verdsdelar, i EU-finansierte forskingsprosjekt. I eit nyleg avslutta prosjekt om stordata og krisehandtering (BDEM), held dei andre nøkkelaktørane til ved tre amerikanske universitet, i Hong Kong og i Japan, der både Universitetet i Tokyo og Nasjonalinstituttet for informatikk er med.

- Sistnemnde er den fremste forskingsinstitusjonen på sitt felt i Japan, fortel Rajendra.

Når det gjeld samarbeid i Europa, gjekk stordata-miljøet på Vestlandsforsking nyleg inn som medlemmer i den europeiske organisasjonen for data, kunstig intelligens og robotikk (BDVA-DAIRO). Målet er å kunne samarbeide tett med andre fagmiljø i skjeringspunktet melom stordata og kunstig intelligens. 

Krisehandtering

I det avslutta forskingsprosjektet BDEM og i Resiloc, handlar det om å utnytte alle tenkelege kjelder til stordata for å betre samfunnet si handtering av katastrofar, ulykker og hendingar. Når det smell ein eller annan stad, blussar stordata-trafikken opp i alt frå trafikken til mobiltelefoni. Sosiale medium og satelittbilete kan vere andre kjelder til hausting av slike data. Men ikkje alle kjeldene er tilgjengelege for forskarane, difor gjeld det å kartlegge kva som finst og bruke flest mogeleg av dei.

- Skal ein bruke algoritmar til å hente ut kunnskap frå datasett, treng ein eit visst omfang av data, forklarer Hoang Long Nguyen frå Vietnam, som er Rajendra sin yngre, koreansk-utdanna kollega ved Vestlandsforsking.

Vi snakkar altså både om at blålys-etatane og hjelpeorganisasjonar som Raudekrossen kan dra nytte av denne forskinga medan krisene står på – men òg at ein kan bruke stordata til å studere tilbakelagte kriser.

- Vi vil nok kunne handtere ein framtidig pandemi betre som følgje av datainnsamling og analyse, seier Rajendra. Det same gjeld naturkatastrofar. I Resiloc-prosjektet har det handla om å sanke og sortere data frå lokalsamfunn i Hellas, Bulgaria og Italia. Desse registera skal forskarane i Norge, Tyskland, Storbritannia, Slovenia og dei nemnde landa utvikle vidare med tanke på framtidig beredskap.

Dette gir lokale styresmakter meir nøyaktige opplysningar om svake punkt og ressursar, som kan hjelpe lokalsamfunna til å kome raskare på føtene att etter jordskjelv, flaum eller liknande.

Den årlege stordatamiddagen 24. juni 2021. Foto: Idun A. Husabø
Den årlege stordatamiddagen 24. juni 2021. Foto: Idun A. Husabø

Regional nytte

Med det Sogn og Fjordane-baserte prosjektet Teknoløft har stordataforskinga òg slått røter i heimregionen. Ein viktig del av Teknoløft, eit 6-årig prosjekt leidd av Høgskulen på Vestlandet, er å få bedriftene i fylket til å ta i bruk forsking til å oppnå nyvinning når det gjeld varer og tenester, og slik sett auke verdiskapinga.

- Nett no jobbar ein student for å kartlegge kva slags store datasett bedrifter i regionen vår har. Det blir grunnlaget for neste steg, der vi skal utforme måtar å utnytte stordata på til bedriftene sitt beste, seier Rajendra.

Vestlandsorsking ønskjer no å tilsetje to komande forskarar på feltet stordata, med frist i juli 2021: ein ph.d.-stipendiat og ein trainee. Sjølv om arbeidsspråket på feltet stordata vanlegvis er engelsk, er det akkurat i denne samanhengen viktig at kandidatane forstår norsk.

Når ein skal vere i tett dialog med bedrifter i regionen, kjem ein ikkje unna norsk som eit viktig arbeidsverktøy, forklarer Rajendra. Kjennskap til regionen er heller inga ulempe.

Sjå utlyste stillingar

Besøk stordata-gruppa si nettside


Først publisert på Vestlandsforskning.

Publisert 30. juni 2021 12:38 - Sist endret 2. juli 2021 01:29